Norges Korforbund Trøndelag Sør logo

Songarstemne i Oppdal 16.-18. juni 2023

Oppdal Mannskor og Oppdal Songlag arrangerer i år historisk songarstemnet i Oppdal 16.- 18. juni i regi av Norges Korforbund Sør-Trøndelag. Det er no  100 år sida Orkla og Gauldal Sangerforbund (som seinare vart omorganisert og skifta namn) vart stifta, og det skjedde nettopp her i fjellbygda Oppdal. Derfor er det ekstra gledeleg at songarstemnet i jubileumsåret går av stabelen i bygda der det heile starta!

Det blir eit kompakt songarstemne der konsertlokala ligg i gangavstand frå stemne-kontoret som blir å finne i Oppdal kulturhus. Det blir konsertar i kulturhuset, Oppdal kyrkje, Oppdal kristne senter og i topprestauranten på fjellet Hovden 1100 meters over havet!.

Vi gled oss til å vise fram bygda vår for korvenner og publikum. Oppdal har ord på seg som ein særs triveleg plass å møtast, noko vi er trygge på blir stadfesta under stemnet.

Nærare informasjon om stemnet finn du på heimesida  http://www.sangerstevne.no .Du kan og ta kontakt med oss på telefon eller e-post ved Terje Fossum (leiar)post@sangerstevne.no tlf. +47 920 53986 eller Sverre Strand (nestleiar) sverre.strand@oppdal.com tlf. +47 990 23949 om du treng meir informasjon.

Del:

Facebook
Instagram
E-post
Les mer